Brukar vi for mange tablettar no til dags?

Når du gjekk på skulen, hendte det at du ikkje fekk sova da? Kva kunne det vere som heldt deg vaken?

  • Var det det at du grudde deg for å få attende ei skriftleg oppgåve?
  • Var det fordi du visste at du ikkje kunne leksa di ordentleg?
  • Var det fordi du grudde deg for å møte læraren eller nokre av elevane?

Fekk du hjelp til å roe deg før sengetid? Kunne du prate med foreldra dine eller andre i nærleiken som kunne trøyste deg? Var det tablettar som gjorde at du fekk sova eller torde gå på skulen til slutt?

Talet på barn og unge som brukar antidepressiva og sovemiddel har dobla seg på ti år. Og det sjølv om vi manglar dokumentasjon på om tablettane har den effekten vi trur dei har.

Barn og unge kjem til fastlegen og fortel om dei problema og dei vonde tankane dei har. Hos legen vert dei ofte møtte med tilbod om medisin. Men det dei treng aller mest, er tid og rom for å snakka ordentleg med noko om behova sine. Kan hende klare elevane å fortelje legen korleis han eller ho har det om legen tar seg litt god tid.

Om nokon slit med å sova fordi dei blir mobba på skulen, vil ikkje eit medikament gjere noko med sjølve problemet.

Ein reknar no med at om lag 18 000 barn brukar sovemiddel eller antidepressiva. Om lag 2 500- 3 000 av desse, er under 10 år.

Kva tenkjer du om dette?
Skriv ned det du meiner.

Et nettsted for voksne som ønsker å bli bedre til å lese og skrive