Morgonstellet på sjukeheimen

Laila er nytilsett på sjukeheimen i Tundrali.
Den første dagen kjem ho til arbeidet med ei hugseliste.
På lista har ho skrivi ned mange arbeidsoppgåver.
Oppgåvene ligg litt hulter til bulter på lista*.

Du kan høyre på denne teksten så mange gonger du vil før du begynner å lese den. Bruk lydikonet øverst på sida.
*Hulter til bulter tyder i eit einaste rot.

nurse washing a patient

Les lista med arbeidsoppgåvene til Laila.
Diskuter lista med ein kollega eller ei i klassa. Blir de einige?
Sett oppgåvene i rett rekkefølgje ved å skrive ned dei seks overskriftene med nye nummer på eit ark.

1 Frukostførebuing
Rydde på kjøkkenet før frokost
Sette på kaffetraktaren

2 Stå opp
Hjelpe bebuarar som treng hjelp opp av senga
(Når Astri skal opp, må dei bruke ein pasientlyftar
Men Laila har aldri sett ein pasientlyftar tidlegare.
Ho må hugse å be om hjelp til å få Astri opp av senga.)

3 Føre vakta tek til
(Laila kjem inn døra)
Vaske hendene
Ta på seg arbeidsklede

4 Frukosten
Laila fylgjer dei fem bebuarane ho har ansvaret for til bordet
Ho spør om dei vil ha mjølk eller juice
Ho spør kva pålegg dei vil ha på brødskiva
Ho passar på at dei tek vitaminpilla som ligg attmed asjetten

5 Vaktskifte
Gå til vaktrommet
Skjenke seg kaffe
Vere til stades på morgonmøtet – (kva må ho hugse?)
Skrive ned oppgåver som ho sjølv har ansvar for
Vaske hendene før ho går ut i avdelingen

6 Vaske seg
Ho må sjå til at alle er vaska og har stelt seg før frukost
Dei som ikke greier det sjølv, lyt få hjelp av Laila.

Vaske hendene (kor mange gongar treng vi skriva vaske hender?)

Et nettsted for voksne som ønsker å bli bedre til å lese og skrive